*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
PÅSKEKLARE: Denne gjengen skal på ulikt vis bidra til å gi både fastbuande og tilreisande gode opplevingar i sentrum i starten av komande veke. Bak frå venstre: Aud Hege Jørgensen Hebnes, Eline Herheim, Bente Rasmussen, Amalie Nilsen og Solfrid Seim Nilsen. Framme frå venstre: Nils Kristen Herheim, Nicholas Guindani og Knut Atle Seim. (Foto: Linda Merethe Lie)

Gjentar suksessen frå i fjor

Sauda Sentrumsutvikling brettar opp ermane og byr på påskekos for både store og små.

– Det blei svært vellukka i fjor og lysta til å gjenta dette er derfor absolutt til stades, kommenterer Solfrid Seim Nilsen, som saman med Aud Hege Jørgensen Hebnes, Eline Herheim og Bente Rasmussen utgjer arrangementsgruppa i Sauda Sentrumsutvikling.

Måndag og tysdag i komande veke er fylt opp med ulike aktivitetar på Rådhusplassen.

– Butikkane har ekstra lenge ope desse dagane og det er tenkt at telta som står på Rådhusplassen skal fungere som eit slags kafé- og mingleområde, forklarer Seim Nilsen.

Musikk for store og små, matsal og kviss er mellom ingrediensane i Sauda sentrum i neste veke. I fjor kom påska med strålande sol, medan det i år ikkje er like positive vêrmeldingar for starten av høgtidsveka. Det tar arrangementsgruppa med stor ro.

– Vi sett opp eit ekstra telt i år så alle skal få sitte tørt om det blir regn. Og viss det er litt kjøleg er det bare å kle seg. Det blir god temperatur i teltet, lovar Solfrid Seim Nilsen.

Det blir lagt ned ein god del dugnadsarbeid i samband med sentrumsarrangementet i påska. Og det er fleire enn dei som er tilknytt sentrum som bidrar.

– Dette er eit ressurskrevande arrangement og vi er derfor evig takksame for at såpass mange stiller opp for å hjelpe til, understrekar Eline Herheim.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her