*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KJEMPA GODT: Andre Lilleskog (i blått) og dei andre spelarane på a-laget til Sauda får ros av G16-trenaren til FKH. Han meiner Sauda hadde klart best innsats og spel og at gjestene tapte fortent. (Foto: Ingvil Bakka)

Vann greitt over FKH-laget

Sekstenåringane til haugesundsklubben blei for svake for a-laget til Sauda.

– Me er veldig godt fornøgd med denne treningskampen. Den gav oss nødvendig sjølvtillit før seriestart, seier Stig Birkeland, som trener a-laget saman med Johannes Rød.

Sauda sitt a-lag i fotball møtte laurdag Fotballklubben Haugesund (FKH) sitt Gutar 16-lag til treningskamp på Sauda stadion. Kampen kom i stand som følge av at haugesundsklubben var i Sauda på treningsleir med laga sine G16 og FKH2. Sauda tok leiinga etter bare fem-seks minutt og rakk å skåra to mål til i første omgang, Pauseresultatet var 3-0 til heimelaget – eit resultat som blei ståande heilt til slutt.

Trenar Birkeland er greitt fornøgd med førsteomgangen.

– Me jobba godt bakover, og prøvde å ikkje pressa for høgt framover. Me fekk til fine overgangar og skåra tre fine mål, rapporterer han.

– Me er veldig godt fornøgd med denne treningskampen. Den gav oss nødvendig sjølvtillit før seriestart, seier Stig Birkeland, som trener a-laget saman med Johannes Rød.

Trenar for G16-laget til FKH, Per Øyvind Mortveit, fortel a-laget til Sauda imponerte stort i treningskampen på kunstgrasmatta laurdag.

– Dei hadde betre innsats, sprang meir, var betre teknisk og hadde ei flott innstilling. Me tapte fortent., innrømmer Mortveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her