Melder ulovleg hogst

Nokon har teke seg til rette med motorsag i skogen til Sverre Gustav Birkeland.

– Beralag, konstaterer Sverre Gustav Birkeland.

Han nyttar eit gammalt saudauttrykk for å setta ord på kva han meiner om oppførselen til den eller dei som har drive ulovleg hogst i skogen hans på Birkeland, i øvre enden i området innover i retning mot sorteringsanlegget. Her er er mellom 30 og 40 grantre felt utan at han som grunneigar har visst noko om det og slett ikkje gitt lov til det.

Kven som har gjort dette, har Birkeland inga formeining om. Han berre slår fast at han er skikkeleg sint, og at han har meldt skadeverket til politiet.

– Eg har aldri vore ute for noko liknande. Dette er eit plantefelt og det er privat grunn, og så har dei berre lagt flatt og herja på som om her skulle ha vore krig, seier han.

Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø stadfestar at politiet har motteke anmeldinga frå Sverre Gustav Birkeland. Då lensmannskontoret mottok anmeldinga rett før påske har dei førebels ikkje fått gått inn i saka og ho kan soleis ikkje seia meir ut over det per i dag.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.