Frank Aarebrot
HELD FØREDRAG: Frank Aarebrot kjem kommande torsdag til Sauda for å snakke om lokal industri og arbeiderhistorie. (Foto: Jarle Vines)

Aarebrot til Sauda

Den profilerte professoren er hyra som trekkplaster under eit folkemøte i samband med Folkets Hus torsdag denne veka.

Arbeidet med å finanisere opprustinga av Folkets Hus er i full gang. Målet er at bygget, som blei ført opp i 1931, til slutt skal framstå som eit nasjonalt monument.

– Vi ønsker at det skal vere heile landets Folkets Hus. Det er trass alt det best bevarte i sitt slag i landet, poengterer kultursjef i Sauda kommune, Åshild Marie Øverland.

I mars blei det klart at Folkets Hus skal organiserast som eit ideelt AS. Det er oppretta eit interimstyre som er sett saman av representantar frå partane i aksjeselskapet; Sauda kommune, Sauda Vekst, Sparebankstiftelsen og Sauda fabrikkarbeiderforening. Kommande torsdag inviterer desse, i tillegg til Eramet, til eit folkemøte i kinosalen. I den samanheng er professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot, invitert.

– Han er absolutt aktuell og ikkje minst ein veldig dyktig mann. Ikkje minst har det vore naturleg å invitere han med tanke på at han i sitt NRK-sendte føredrag «Norge gjennom 200 år på 200 minutt» i fjor kalla Folkets Hus i Sauda for «arbeiderbevegelsens stavkirke». Aarebrot har vore veldig positiv til å komme til Sauda, fortel Øverland.

Frank Aarebrot sitt føredrag har fått tittelen «Sauda – ikon for industri og arbeiderhistorie».

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her