Glade for å ha blitt høyrt

Den uavhengige legevaktgruppa har aldri hatt planar om å gi opp sjølv om dei til tider føler dei har jobba i mykje motbør. Nå gler dei seg over at mykje tyder på at det går mot ei lokal legevakt-løysing.

– Ein siger for heile saudasamfunnet, meiner Vegard Birkeland Rød om vedtaket i formannskapet i sist veke, der politikarane var fullstendig einige om at legevakta må behaldast i Sauda.

Like etter at fleirtalet i kommunestyret i april i fjor gjekk inn for at ei felles legevakt i Ølen ville vere den mest tenelege løysinga for Sauda starta ei uavhengig gruppe arbeidet med å kvalitetssikre vedtaket som var gjort, for å sjekke om avgjerda var tatt på best muleg grunnlag.

– Etter å ha undersøkt litt peika alle piler i feil retning. Vi starta derfor med å dokumentere kvifor fakta som var lagt fram i forkant av vedtaket var feil og kva negative konsekvensar ei legevakt i Ølen ville få for Sauda, forklarer Birkeland Rød, som saman med Terje Risvoll, John Teodor Oxaal, Gro Voldner Birkeland og Bjarne Bråtveit utgjer den såkalla legevaktgruppa.

Gruppa har hatt møte kvar veke og har fordelt oppgåver undervegs. Resultatet er ein 34 sider lang rapport, i tillegg til uttalar frå både lokalt brannvesen og politi, der den lokale legevakta er vurdert opp mot eit interkommunalt tilbod i Ølen. Konklusjonen seier mellom anna at flytting av legevakt til Ølen utan legevaktstasjon i Sauda «strir mot alle faglege råd, Nasjonal kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM), Nasjonalt Senter for Distriktsmedisin (NSDM) og delrapport frå Akuttutvalet».

– Det har vore viktig for oss at det vi legg fram i rapporten held vatn og har høg kvalitet. Det har vi fått tilbakemelding på at han gjer. Derfor føler vi at vi har laga ein god rapport, kommenterer Vegard Birkeland Rød.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.