Sit i varetekt

Den mistenkte valdsmannen frå saudabussen er no teken hand om av politiet.

Operasjonssentralen i Haugesund og Sunnhordland politidistrikt melder no i kveld at mannen som er mistenkt for å ha teke strupetak på og slått bussjåføren på ettermiddagsbussen mellom Ølen og Sauda no sit i varetekt. Politiet opplyser at mannen er i slutten av 60-åra.

Bussjåføren greidde å unngå at episoden resulterte i eit trafikkuhell.

Politiet melder vidare at bussjåføren anmelder saka.

Den mistenkte bak valdshandlinga gjekk på bussen i Ølen og vart kasta av i Ølmedal.