*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HOVUDTALAR: Om fem veker går Eirik Tangeraas Lygre på talarstolen på Musikkpaviljongen for å halda hovudtalen på nasjonaldagen.(Foto: Venstre)

Førebur 17.-maitalen

To dagar etter at han har fylt 20 år vil Eirik Tangeraas Lygre halda talen på nasjonaldagen i heimbygda.

– Det var umogleg å seia nei, meiner Eirik Tangeraas Lygre.

19-åringen sa dermed ja på strak arm då 17.maikomiteen spurde om han ville halda hovudtalen på nasjonaldagen. Han fortel at han opplevde spørsmålet frå komiteen som ei tillitserklæring til han som ungdom.

– Skikkeleg spenstig av komiteen å spørra ein i så ung alder som meg, synest han.

Tangeraas Lygre gir uttrykk for at det å halda hovudtalen på 17. mai er ei spanande oppgåve, og ei oppgåve han er i gang med å førebu seg på.

– Ja, eg har byrja å tenka over kva temaet for talen skal vera, men eg er ikkje heilt dit enno. Dette er jo ei stor anledning så eg må bruka tida til å førebu meg skikkeleg, seier han.

Med sine nettopp runda 20 år vil Eirik Tangeraas Lygre vera ein av dei yngste, om ikkje den aller yngste, som nokon gong har gått på talarstolen i Sauda 17. mai. Dét trur han tilhøyrarane vil merka på den måten at han nok vil ta opp tema det kanskje ikkje er sagt så mykje om før.

– Eg kjem sikkert med litt nye perspektiv, vil eg tru, kommenterer han.

Les meir i papirutgpva eller last ned eavis her