*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HAR BLITT HØYRT: Store folkemengder møtte i forkant av kommunestyremøtet i april i fjor opp på Rådhusplassen for å uttrykke sin mostand mot at legevakta kunne bli flytta til Ølen. Nå tyder mykje på at motstandarane får viljen sin. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

I morgon bli legevaktsaka avgjort

Kommunestyret fattar det endelege vedtaket i saka som har engasjert heile bygda i over eitt år.

. april i fjor stemte elleve av dei 19 kommunestyrerepresentantane i Sauda for at legevakta skulle leggast til Ølen. Fleirtalet meinte då at eit samarbeid med Etne, Vindafjord og Suldal kommunar om ein felles legevaktsentral ville vere den beste framtidige løysinga med tanke på kommande krav i den varsla akuttforskrifta og ikkje minst eit generelt interkommunalt helsesamarbeid. Vedtaket har møtt massiv motmør frå lokalbefolkinga, som gjennom ulike verkemidlar har uttrykt frykt for eigen tryggleik viss legevakta blir flytta vekk.

Representantar frå Arbeidarpartiet uttalte før fjorårets vedtak at dei var usikre på kva som var det beste alternative i legevaktsaka. Alle dei ni kommunestyrerepresentantane til partiet, i tillegg til Venstre og Kristeleg Folkeparti, stemte likevel for flytting. Under møta i administrasjonsutvalet og i formannskapet tidlegare denne månaden la imidlertid Arbeidarpartiets Asle Rafdal fram forslag om at legevakta blir behalde lokalt. Forslaget blei einstemmig vedtatt i begge møta. Like etter uttalte Asle Rafdal og ordførar Frode Sulen at det ikkje var full einigheit i deira parti om kva veg som var den mest tenelege å gå med tanke på legevakta. Arbeidarpartiet har derfor bestemt seg for at representantane skal få stemme fritt i morgondagens kommunestyremøte.

Det skal mykje til for at kommunestyret går imot tilrådinga frå formannskapet. Det er som nemnt likevel ikkje sikkert at forslaget får full støtte i kommunestyret. I førre formannskapsmøte møtte fire Arbeidarparti-politikarar. Både Asle Rafdal, Frode Sulen og Hallgeir Amdal skal delta i kommunestyremøtet og det er derfor naturleg at dei vil stemme for lokal legevakt, slik dei gjorde i formannskapet. Wenche Hoftun har meldt forfall til onsdagens møte og blir erstatta av Øyvind Viland. Kva han, Laura Seltveit, Egil Bakke, Aud Jorunn Nymark, Mette Helen Seim eller Wenche Pleym kjem til å stemme er uvisst. Men, sjølv om desse og dei som tidlegare har signalisert at dei er for legevakt i Ølen, altså representantane frå Venstre og Kristeleg Folkeparti, skulle stemme nei til ei lokal løysing er dei likevel for få til å vinne fram. Det er nemleg lite som tyder på at Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti endrar si opprinnelege mening. Det betyr at det vil vere fleirtal for ei lokal legevakt.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her