Laila Hoftun
AKSJEKJØPAR: Laila Hoftun var torsdag kveld aldri i tvil om å føra seg opp som kjøpar av folkeaksjar i Sauda Nye Folkets Hus A/S. – Det er jo «vårt» hus frå me var ungar, konstaterer ho. (Foto: Arvid Horpestad)

Stor interesse for folkeaksjar

Køa var lang då møtelyden vart invitert til å teikna aksjar i Sauda Nye Folkets Hus. 80 namn kom på teikningslista denne torsdagskvelden. Måndag føremiddag var fem nye namn kome til.

– Klart eg har lyst til å støtta opp om Folkets Hus. Det er jo «vårt» hus frå me var ungar. Det er viktig å bevara huset, det er ein del av oss, konstaterer Laila Hoftun.

Ho var mellom dei mange som torsdag kveld skreiv seg på lista over dei som vil kjøpa folkeaksjar i Sauda Nye Folkets Hus. Teikningslistene var lagt fram på biblioteket under pausen i folkemøtet med Frank Aarebrot i kinosalen. Kinosalen var fullsett til ståplassar under føredraget, og ein stor del av forsamlinga samla seg i pausen i biblioteket rett over gata. Her var det servering av lappar og kaffi, i tillegg til at det altså vart lagt fram lister der interesserte kunne føra seg opp som kjøparar av folkeaksjar i det ideelle aksjeselskapet Sauda Nye Folkets Hus AS. Hadde pausen vore lenger, hadde det sikkert kome endå fleire namn på lista berre denne eine kvelden.

Aksjonen for å selga folkeaksjar i det ideelle aksjeselskapet har i alle høve fått ein god start. Fredag hadde kultursjef Åshild Marie Øverland talt opp 80 namn på lista over interesserte aksjekjøparar, alle personar som altså teikna seg under folkemøtet kvelden før. Måndag føremiddag hadde talet på folkeaksjekjøparar auka til 85.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her