*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SAUDAPATRIOTAR: I april var Nils Kristen Herheim (til venstre), Rønnaug Foss Alsvik og Magnar Birkeland i studio i Stavanger for å synga og spela inn sine vers på låta ”Her e alt”. Reidar Brendeland har spelt inn sine vers på Austlandet. Nå er låta tilgjengeleg på både Ryfylke si nettside, på Facebook og på Youtube. (Foto: Kjell A. Westby)

Laga heilt ny Sauda-song

Sauda-patrioten Nils Kristen Herheim har fått med seg både Reidar Brendeland og Rønnaug Foss Alsvik på låta ”Her e alt”. Høyr låta nederst i saka.

– Ein ny song. Ikkje ei erstatning for Sauda-songen til Brendeland, men meir som eit tillegg, forklarer musikar og låstskrivar Nils Kristen Herheim.

Herheim, som har ei rekke ”eg-elskar-Sauda”-songar på samvitet, har nå laga ein splitter ny Sauda-song. Låta, ”Her e alt”, blir for første gong framført live på fredagen under Saudadagane i slutten av månaden, når ei rekke saudaartistar skal opptre i teltet på grasmatta ved Musikkpaviljongen.

Både tekst og melodi blei laga i den romjula, og Herheim tok deretter kontakt med sin gode musikar-kompis, Magnar Birkeland. Dei blei einige om at låta skulle spelast inn i eit profesjonelt studio. Herheim forklarer at låta ”Her e alt” handlar om kjærleiken til Sauda, både for oss som bur her, folk som er her på besøk og for dei som lengtar tilbake.

– Eg har delt songen inn i vers som tar for seg desse ulike gruppene som er glade i Sauda, forklarer han.

Herheim har derfor fått med seg Rønnaug Foss Alsvik og Reidar Brendeland, som begge bidrar på den studioinnspelte versjonen av låta. Det er også desse som skal framføra songen under Saudadagane.

– Per Inge Fjellheim har laga ein flott video med fotografi frå Sauda. Låta blir lagt oppå denne videoen og lasta opp på internett. Det er kjekt å kunna gjera noko unikt når ein først har laga eit slik låt, seier Nils Kristen Herheim.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her

Høyr den nye låta her: Her e alt