Vassleidningsbrot i Saudasjøen

12-14 husstandar er utan vatn.

– Me har lokalisert feilen på hovudvassleidninga og vil begynna gravinga. Men slike tid tar tid, det er viktig å unngå bomgraving, forklarer Kjell Arne Granberg, som svarer på vass- og avløp-vakttelefonen til Sauda kommune.

Abonnentar i yttre delar av Saudasjøen hadde i morgontimane i dag, tysdag, grumsete vatn med dårleg trykk i springane sine. Kort tid etterpå forsvann vatnet.

Granberg fortel at feilen er lokalisert til området ved ein av dei små tunnelane før Borvika og at det er innbyggarane i dette området som er nå er ramma av vassmangel.

– Cirka 12-14 husstandar, vil eg tippa, seier Granberg.

Han vil ikkje spekulera i kor lang tid kommunen treng på å få tetta lekkasjen.

– Heilt umuleg å vita. Me jobbar på, timane går fort, men me vil stå på heilt til det er iorden igjen, seier han.

Vegen blir ikkje stengt som følge av gravearbeidet.

– Me grev i sjølve vegen, men vil halda ein kjørebane open for trafikk, seier Granberg.

Vassleidningsbrot i ytre delar av Saudasjøen er inga ny oppleving for innbyggarane. Bare dei siste åra har det skjedd fleire vassleidningsbrot. Dei hyppige vassproblema skuldast gamle og skrøpelege vassrøyr.

I dag eksisterer det eit lappverk av gamle PVC-røyr frå sytti- og åttitalet og pålappa nye røyrbitar i store delar av vass-systemet i Saudasjøen.