Mann med sag pågripen

Gjekk laus på kjørety og benker med handsag.

Klokka 21.04 tysdag kveld fekk politiet melding om at ein mann øydela dekka på ein moped med sag ved Saudahallen. Iflølge opplysningane frå politiet bevega mannen seg deretter i retning Fløgstad, der han skal ha øydelagt dekka på ein bil, også det med sag. Han gjekk óg laus på to benker.

Politiet melder at mannen er i 40-åra og har adresse Sauda. Han vart pågripen av politiet og framstilt for lege.