Uteliggarane har flytta

Flytta seg velvillig vekk då kommunen fortalde om paviljong-bruken på 17. mai og under Saudadagane.

– Me har snakka med rumenarane og dei har nå flytta seg vekk frå Paviljongen. Me bad dei om å finna seg ein anna plass nå som paviljongen skal brukast på 17. mai og under Saudadagane, fortel ordførar Frode Sulen.

Eit par rumenske selgarar av gatemagasinet ”Folk er folk” har i fleire månader opphalde seg i Sauda. Den siste tida har dei hatt Musikkpaviljongen bak Rådhuset som sin faste base, der dei overnattar ute, men delvis under tak.

Sulen utelukkar ikkje at uteliggarane returnerer tilbake til Paviljongen når mai-arrangementa er over.

– Og det har dei lov til. Dei gjer ingenting ulovleg ved å sova ute på Paviljongen. Du og eg kan også sova der, om me vil, seier Sulen.

Ifølge ordføraren har rumenarane fortalt at dei føler seg godt mottatt i Sauda.

– Dei seier at folk er snille og at ingen er stygge med dei. Det synest eg er godt å høyra. Det seier nok litt om korleis dei har hatt det der dei kjem frå eller andre stader, seier han.

Kor rumenarane nå oppheld seg nattestid er for ordføraren ukjent.