Søket avslutta

Ingen menneske tekne av snøraset i Svandalen.

Politiet og redningsmannskapa har no avslutta søket i det rundt 20 meter breie snøraset i Ravnafjell i Svandalen. Politiet stadfestar at ingen menneske vart tekne av raset.

Søket vart sett i gang etter at det torsdag ettermiddag vart meldt om at det hadde gått eit ras i turområdet. I tillegg til politi og redningsmannskap, vart óg eit Sea King-helikopter tilkalla. Men etter kort tid kunne ein slå fast at det heldigvis ikkje var nokon menneske som vart tekne av raset