*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SPESIELT BILLØP: Komande helg arrangerer Gammelbilens Venner Norgesløpet 2015. Starten går frå Sauda sentrum laurdag morgon, målgang er på Solastranda sundag ettermiddag. Arrangøren lovar mange flotte og staselege bilar på startstreken. (Foto: Privat)

Norgesløpet gir gass – gjennom ny løype

Dei over hundre deltakarbilane kjem seg ikkje over Røldalsfjellet.

– Det er litt nedtur, ja. Det var jo turen over fjellet, med dei store brøytekantane, som var den store happeningen i løpet. Det er nok ein del som blir litt skuffa, men me skal nok få ein fin tur likevel, seier Odd Arild Sundsteigen, formann i Gammelbilens Venner.

Komande laurdag morgon går startskotet for Norgesløpet 2015. Starten går midt i Sauda sentrum, og målgang er Solastranda sundag ettermiddag. Heile 108 bilar deltar i løpet.

Kvart år arrangerer Landsforbundet av motorhistoriske kjøretøyklubber (LMK) Norgesløpet. Arrangementet blir fordelt ut på dei 144 norske medlemsklubbane, og i 2015 har rogalendingane i Gammelbilens Venner på Jæren fått oppdraget. Norgesløpet har alltid eit spesielt tema, og årets tema er ”Industri og energi”. I utgangspunktet var planen å legga første delen av ruta frå Sauda, opp til Røldal, ned gjennom Suldal og vidare ut til Hjelmeland.

– Men me hadde ein backup-plan. Det er den me nå blir nøydd for å bruka som følge av dei store snømengdene og den stengde vegen over Røldalsfjellet, seier Sundsteigen

Deltakarane kjører nå frå Sauda, ut til Ropeid, over til Sand, opp til Gullingen, ned til Jøsenfjorden, og over til Hjelmeland – ei løype på heile ni mil. På Hjelmeland blir det middag og overnatting, før løpet startar opp igjen sundag føremiddag. Då går ei elleve mil lang rute via Årdal til Bjørheimsbygd, over Leitet til Jørpeland og vidare mot Sola. Målgang er på Solastranda.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her