Dagens hest, Alf Grønstad
DAGENS HEST: Dølahesthoppa Ramsvik Bruna vart kåra til «Dagens hest» under årets unghestsjå. Eigar Alf Grønstad kunne med det ta denne gjæve prisen med seg heim til Etne for andre året på rad. (Foto: Arvid Horpestad)

Selde stashest på stassjå

Også i år stilte etnebuen Alf Grønstad med «Dagens hest» under unghestsjået i Sauda.

– Ein grei vane å få, dette, seier Alf Grønstad med eit stort smil etter at han i år som i fjor stilte med det som viste seg å verta «Dagens hest» under unghestsjået i Sauda laurdag.

– Men det vert verre neste år. Eg har nemleg selt hesten her i dag, legg etnebuen til.

Hesten han snakkar om er den to år gamle dølahoppa Ramsvik Bruna, som fekk dommarane Torstein Gudmestad frå Bryne og Kari Anne Indrebø frå Førde til å henta fram dei store superlativa.

Det må her nemnast at Ramsvik Bruna har Ramsvik Sølvi, som vart kåra til «Dagens hest» under fjorårets utstilling, som mor. Genene er det følgeleg ingenting å utsetta på. Men, for å dretta opp ein hest til å vinna den gjævaste tittelen under eit så velrenommert sjå som dette i Sauda har utvikla seg til å verta, krevst det meir enn «berre» å ha eit godt føll som utgangspunkt. Så, kva er løyndomen?

– Fora godt og arbeida godt og jamt og trutt med hestane. Hestane må ha det godt, konstaterer Grønstad.

– Men du stiller neste år óg, sjølv om du selde Ramsvik Bruna?

– Å ja, eg kjem neste år óg. Det er alltid gildt å koma hit til Sauda på unghestsjå, slår Alf Grønstad fast etter å ha delteke her i ei årrekke.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her