Ny rektor, Oskar Waage-Pettersen
TAKKA JA: Oskar Waage-Pettersen sa ja då tilbodet om å verta ny rektor ved Sauda vidaregåande skule frå hausten kom. (Foto: Arvid Horpestad)

Tek over som rektor

Når Sauda vidaregåande skule startar det nye skuleåret i august vert det med Oskar Waage-Pettersen som rektor.

– Eg har hatt rektorjobben før. For nokre år sidan var eg konstituert i stillinga i nærare eitt år. På same tid hadde eg óg min faste jobb som avdelingsleiar, og det var ein lite tilfredsstillande situasjon. Samstundes hadde eg jo mange gode kollegaer som trødde til, seier Oskar Waage-Pettersen.

Skulemannen fortel at han aldri har sett på seg sjølv i posisjonen som rektor. Like fullt, han lét seg engasjera som assisterande rektor og har soleis lenge vore sterkt involvert i skuledrifta.

– Då Nils Petter (Sand, noverande rektor, red.mrk.) litt overraskande valde å søka seg over til ein annan skule, tenkte eg at me i alle fall ville sikra oss at me fekk ein ny rektor på plass. Me måtte for all del ikkje koma i den situasjonen at ingen søkte stillinga, forklarer han om prosessane som førte fram til at han sendte søknaden.

Det viste seg at tre søkarar meldte seg. Oskar Waage-Pettersen og dei to andre vart alle kalla inn til samtalar hos fylkesdirektør Joar Loland i opplæringsavdelinga. Då Loland så ringde Waage-Pettersen og tilbaud han stillinga, hadde saudamannen fått gått sine rundar med seg sjølv.

– Eg tenkte at eg kunne ta på meg denne oppgåva nokre år, seier han enkelt.

Ein viktig grunn han oppgir for denne avgjerda er alle dei dyktige og engasjerte folka han har rundt seg på skulen. I tillegg har han vore leiar for både studiespesialisering og yrkesfag. Dette, i tillegg til dei nemnde erfaringane han har samla seg frå den skuleadministrative sida, gjorde at han følte at han hadde dei formelle kvalifikasjonane i orden.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her