VEDLIKEHALD: NCC Roads AS overtar drift- og vedlikehaldsarbeidet i Indre Ryfylke. Dei var to millionar kroner rimelegare enn dagens kontraktør, Risa AS, i anbonskonkurransen. Blant arbeidet NCC Roads nå skal driva er rasrydding. Biletet er tatt i 2009. (Arkivfoto)
VEDLIKEHALD: NCC Roads AS overtar drift- og vedlikehaldsarbeidet i Indre Ryfylke. Dei var to millionar kroner rimelegare enn dagens kontraktør, Risa AS, i anbonskonkurransen. Blant arbeidet NCC Roads nå skal driva er rasrydding. Biletet er tatt i 2009. (Arkivfoto)

NCC Roads overtar vedlikehaldet i Indre Ryfylke

Entreprenøren sitt 243 millionars-tilbod slo Risa i anbodskonkurransen.

– Me er veldig glade og ser positivt på jobben framover. Vegnettet i Indre Ryfylke ser greitt ut, og me har inntrykk av at Risa AS har gjort ein god jobb desse siste fem åra, seier Frode Kaldestad, prosjektleiar i NCC Roads.

I september overtar NCC Roads kontrakten etter Risa As, som har hatt ansvaret for dette vedlikehaldsarbeidet sidan 2010.

– Den var jevne prisar i anbodskonkurransen. Det pleier ikkje å vera så jevnt, fortel byggeleiar Ove Hausvik i Statens vegvesen.

Kontraktsummen til NCC Roads er på vel 243 millionar kroner. Risa gav eit tilbod på 245 millionar kroner, Veidekke 247,3, Mesta 247,6 millionar kroner og Opedal Drift AS 258 millionar kroner.

– At to er jevne er ikkje så uvanleg, men her var det fire veldig jevne anbod. Det er sjeldan. Det vitnar om selskap med gode erfaringstal å rekna etter, påpeikar Kaldestad i NCC Roads.

Då Risa fekk kontrakten i 2010 vann dei med eit tilbod på 148 millionar kroner. At prisen nå er nær 100 millionar kroner dyrare har, ifølge Hausvik i Statens vegvesen, fleire årsaker.

– Den generelle prisstigninga er ein ting. I tillegg blir det nå stilt strengare krav, spesielt innan vinterdrifta, og dette drar på seg kostnader, forklarer han.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her