*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
MYKJE SNØ: Per Inge Fjellheim og Åge Fjellheim Midthun (biletet) lar seg ikkje stoppa av at store delar av ruta opp til Hovlandsnuten er snødekt. Sherpa-trappene som blei bygt i fjor er bare delvis oppe i dagen. (Foto: Per Inge Fjellheim).

Snø – ingen hindring

Bare 17 dagar igjen til Hovlandsnuten Opp.

– Motbakkeløpet går akkurat som planlagt. Med mykje snø i fjellet blir det eit litt annleis løp, men løp blir det – heilt sikkert, seier Per Inge Fjellheim, primus motor for stor-arrangementet Hovlandsnuten Opp.

Vinterens store snømengder i fjellet og den så langt kalde våren har gjort at det går helst trått med snøsmeltinga. Framleis er Hovlandsnuten og stølsbakkane og vel så det godt dekka med meterdjup snø. I dag, onsdag, er det bare 17 dagar igjen til Hovlandsnuten Opp og alt tyder på at deltakarane må vassa i snø i store delar av løpet.

Motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp blir i år arrangert for niande gong sidan 2007. Aldri før har arrangøren opplevd så store snømengder i løypetraseen.

– Men eg seier som Glenn Tore Løland (randonee-utøvar, red.merkn.) så godt sa det då han blei spurt om si deltaking i løpet vårt: Det blir likt for alle, seier Per Inge Fjellheim.

Han trur dessutan at snømengdene i fjellet bidrar til å skapa ei ekstra spesiell ramme rundt motbakkeløpet.

– Her kan ein springa frå grøne plenar og full vår nede i bygda til opp til snøen og vinteren på kort tid. Det i seg sjøl blir ei flott oppleving, trur Fjellheim.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her