FANN TONEN: Frå venstre: Oddwar Wiersen, Ben Basgård, Reidar Brendeland, Magnar Birkeland og Rønnaug Foss Alsvik. (Foto: Per Inge Fjellheim)
FANN TONEN: Frå venstre: Oddwar Wiersen, Ben Basgård, Reidar Brendeland, Magnar Birkeland og Rønnaug Foss Alsvik. (Foto: Per Inge Fjellheim)

I hardtrening før storkonsert

Saudaartistane førebur seg til i morgon, fredag.

I går var mange av artistane som skal opptre på Musikkpaviljongen i morgon, fredag kveld, samla på Sauda vidaregåande skule til øving.

Alt måndag denne veka starta så smått øvingane til konserten der mellom anna Bjørn Eidsvåg, Rønnaug Foss Alsvik, Grethe Svensen, Vigdis Eidsvåg, Reidar Brendeland og Nils Kristen «Nilsemann» Herheim skal opptre saman.

– I går øvde vi i seks timar, men i dag blir det tolvtimarsøkt, fortel Nils Kristen Herheim.

Grethe Svensen og Bjørn Eidsvåg kjem til Sauda i dag. I kveld blir det lydsjekk på Musikkpaviljongen før siste finpuss skal gjerast under nye øvingar i morgon, fredag.

– Vi ligg godt an, seier Nils Kristen Herheim.

I tillegg til dei nemnde artistane står følgande på scena i morgon kveld:

Magnar Birkeland (keyboards), Oddwar Wiersen (bass), Thomas M. Dulsrud (trommer), Olaug Furusæter (fiolin), Ben Basgård (gitarar), Monica Herheim (kor), Merete Herheim (kor), Camilla Moe (kor) og Lillian Nordengen (kor).