Nytt konsept på Plan Be

Elisebeth Espeland er ny dagleg leiar og skal drive Plan Be framover.

Av Siri Åbø Wiersen

Det er berre snakk om dagar sidan det blei avklart at Elisebeth Espeland skal vere dagleg leiar av bedrifta, men med mykje jobbing og god planlegging blei det klart til opningsdag i går, torsdag.

– Tilbodet om å vere daglig leiar kom veldig brått på, så alt er ganske nytt no. Men vi er alt godt i gang med planleggingsprosessen, og har store planar for Saudadagane, fortel Espeland.

Plan Be kjem til å opne på føremiddagen og halde ope til kvelden, og den nye daglege leiaren fortel at dei vil tilby ein god, men enkel meny. Å køyre ut mat til folk, om det skulle vere ønskeleg, er også noko dei vurderer å tilby alt i helga.

– No startar vi heilt på nytt, så vi må berre prøve oss fram. Eg har store forventningar til meg sjølv og konseptet, og tenker at kundane skal kome fordi dei liker det vi gjer, seier ei engasjert Elisebeth Espeland.

Til Saudadagane har Plan Be leigt inn utflytta saudabu Morten Birkeland, som no driv ein restaurant i Stavanger. Han skal ha opplæring med dei tilsette på kjøkkenet og vere behjelpeleg om det trengst framover.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.