KJEM TILBAKE: Sist biskop Erling Johan Pettersen var på offisielt besøk i Sauda var hausten 2012, då prostane og biskopen sitt strategimøte var lagt til Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)
KJEM TILBAKE: Sist biskop Erling Johan Pettersen var på offisielt besøk i Sauda var hausten 2012, då prostane og biskopen sitt strategimøte var lagt til Sauda. (Foto: Ingvil Bakka)

Biskopen kjem til Sauda

Erling Johan Pettersen tar med seg gitaren og fjellskoa.

– På onsdag byr eg på brasilianske rytmar frå mi tid som misjonær i Brasil. Fjellturar gjer eg rett nok på kvar visitas, men sjeldan så høgt til fjells som på Hovlandsnuten. Eg gler meg, seier biskop i Stavanger bispedømme, Erling Johan Pettersen.

Pettersen har vore i Sauda fleire gonger etter han blei biskop i 2009, men besøket denne veka er den første offisielle bispevisitasen sidan 2003.

– Altfor lenge sidan. Målet er å då dra på visitas til alle sokna i løpet av ein åtte årsperiode, vedgår Pettersen.

Sauda sokneråd, som er vertskap for visitasen, har lagt opp til eit tett og variert program for biskopen og hans følge både i dag, tysdag, onsdag, torsdag og sundag.

Før Pettersen kjem til Sauda i dag gjestar han Sandeid fengsel, der Sauda-presten Arild Markussen har ei deltidsstiling som fengselsprest.

I Sauda opnar han med møte med kyrkjekontor-staben og sokneprest Espen Gya, før han skal treffa representantar frå ulike trussamfunn.

– Tanken er å etablera eit fora der me alle kan ta opp saker som er viktige for oss. Me meiner at me, som kjem frå ulike trussamfunn, har nytte av å bli betre kjent med kvarandre for å riva ned murar og sjå kvarandre som medmenneske, forklarer sokneprest Espen Gya.

Pettersen blei hausten 2013 imponert over Kyrkja i industrisamfunnet sitt arrangement som handla om nettopp det å knyta band mellom ulike kulturar og religionar.

– Det er ikkje for ingenting me kallar det ”Sauda-modellen”. Det å vera på bølgelengde med lokalsamfunnet og inngå gode dialogar er viktig. Eg gler meg til eit djupdykk i Sauda, seier biskopen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her