FULL HUS: Saudaartistane skuffa ikkje under fredagens konsert i storteltet ved Musikkpaviljongen. Frå venstre: Magnar Birkeland, Oddwar Wiersen, Vigdis Eidsvåg, Grethe Svensen, Thomas M. Dulsrud, Reidar Brendeland, Monica Herheim, Merete Herheim, Lillian Nordengen og Camilla Moe (delvis skjult), Bjørn Eidsvåg, Rønnaug Foss Alsvik, Ben Basgård og Nils Kristen Herheim. (Foto: Per Inge Fjellheim)

– Tidenes Saudadagar

”Fullt hus” og stormande jubel etter innhaldsrike maidagar.

– Dette er bulyst-arbeid på høgt plan, konstaterer Inge Løyning, dagleg leiar i Sauda Vekst og styreleiar i Sauda Ferie & Fritid.

Rundt om i heile Norge sat det saudabuar og lengta heim då tv-bilda frå sykkelrittet Tour des Fjords gjekk på både landsdekkande og internasjonale kanalar fredag ettermiddag. Saudabuen sjølv stilte opp fleire stader langs ruta inn mot Sauda og ikkje minst i Kyrkjegata opp mot mål bak Rådhuset.

– Det blei vist fantastiske bilder frå Sauda, og me som bur her blir fryktelig stolte. Både av bygda vår og av kva me får til her inne. Ein fantastisk dugnadsinnsats er lagt ned, seier Løyning.

Styreleiaren i Sauda Ferie & Fritid er ikkje i tvil om at Saudadagene 2015 er ”tidenes Saudadagar”.

– Eit fantastisk godt gjennomført arrangement. Det begynner å bli eit omfattande prosjekt, men det framstår likevel som eit godt gjennomarbeida og profesjonelt arbeid.

Dei mange positive tilbakemeldingane gir oss absolutt eit godt grunnlag for å jobba vidare, seier Løyning.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her