Travelt for politiet

Seks tatt med narkotika.

Fredag, i den noko kaotiske oppstarten av saudadagshelga, patruljerte politiet sentrumsgatene. I perioden mellom klokka 10.00 og 11.30 og mellom 12.30 og 14.30 blei det skrive ut tre gebyr for feilparkeirngar.

– Det tetta seg til med folk og bilar og det oppstod fleire trafikale utfordringar, kommenterer lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

I tillegg blei ein mopedist bøtelagt for å ha trossa eit ”innkjøring forbode”-skilt i Rådhusgata.

Ein av ulempene med alkohol innabords er at blæra fort blir full og fornuten forduftar. Å lata vatnet ute, på offentleg stad, blir fort ein dyr affære. Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø fortel at tre personar nå kan venta seg ei bot på 4 000 kroner for dette lovbrotet. Ein gjorde dette natt til laurdag, to natt til sundag. Og, ja, alle tre var sjølvsagt menn.

Laurdag kveld og natt til sundag gjennomførte politiet ein narkotika-aksjon i Sauda, med bistand av ein politihund og mannskap frå Haugesund. Aksjonen starta opp i 20.00-tida og blei ikkje avslutta før klokka var rundt 04.00. Aksjonen blei i hovudsak gjennomført ved festivalområdet og i sentrum. Seks personar er nå anmeldt for bruk eller besittelse av narkotika.

– Flesteparten av desse er født på 1990-talet. Alle er menn, opplyser lensmann Siri Fisketjøn Indrebø, som meiner aksjonen var nødvendig.

I 02-tida natt til laurdag måtte politiet legga ein mann i bakken nær festivalområdet. Vedkommande, som var rusa, hadde då vist ei aggressiv åtferd.

– Han er nå meldt for både urinering, vald og forulemping av offentleg tenestemann, fortel lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

Mannen er i førtiåra.

Natt til sundag, rundt klokka 02.40, fekk politiet melding om at ein bil hadde kjørt gjennom ein hekk på Litlamo. Motoren var slått av, men nøklane stod framleis i. Politiet fann eigaren av bilen, men vedkommande skal, ifølge politiet, ha vitne på at han ikkje stod bak kjøringa. Bilen var derfor mest truleg stolen.

– Me etterlyser derfor vitne til hendinga. Det er observert to mørkkledde og tilsynelatande rusa mannspersonar som forlot bilen, ein Toyota Corolla. Me er intereserte i tips frå publikum, seier lensmann Siri Fisketjøn Indrebø, som legg til at hekken, tilhøyrande ein tredjeperson, er delvis øydelagt.