ENDELEG: Geir Baardsen ved Leabøen AS er nøgd med å endeleg få klarsignal til å starte bygginga av dei nye studentboligane. (Foto: Siri Åbø Wiersen)
ENDELEG: Geir Baardsen ved Leabøen AS er nøgd med å endeleg få klarsignal til å starte bygginga av dei nye studentboligane. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Startar omsider byggearbeidet i Torsveien

For to og eit halvt år sidan starta planleggingsfasen for nye studentboligar i Torsveien. Det har vore ein lang prosess, men no har utbyggarselskapet Leabøen AS endeleg fått klarsignal til å starte bygginga.

– No er det berre å brette opp ermane og stå på, fortel Geir Baardsen i Leabøen AS.

I august i fjor fekk dei medhald til bygging frå formannskapet, men svaret frå Fylkesmannen i Rogaland let vente på seg. Ryfylkemuseet og Ryfylke lokallag av Fortidsminneforeningen la inn ei klage på vedtaket til kommunen, då dei meiner at det omsøkte bygget ikkje er tilpassa lokal byggeskikk. Klagarane ønsker mellom anna valma tak, ikkje flatt tak. No har Fylkesmannen avvist klagene, og altså gitt klarsignal til å starte bygginga.

Planen var i utgangspunktet at byggearbeidet skulle starte 1. april, og at det skulle så klart til å ta i mot elevar for neste skuleår. Studentbustadane blir mellom 13 og 19 kvadratmeter store, inkludert bad og kokemulegheiter på romma. Det er lagt opp til eit felles utandørs grøntområde, i tillegg til at kvar bebuar får ei bod til rådvelde. Det var meininga at bygget skulle stå klart til sommarferien, som startar om ein knapp månad. Men Baardsen er positiv, og ser føre seg at bygget står klart til skulestart.

– Me har vore optimistar i to og eit halvt år alt, og det skal vere klart til innflytting i løpet av august, seier Baardsen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her