LITT TYNGRE I ÅR: Sjølv om delar av vegen opp mot Hovlandsnuten i år er dekt av meir snø enn i fjor, er arrangøren klar på at det går fint an å ta seg opp til nuttoppen. (Foto: Åge F. Midthun)
LITT TYNGRE I ÅR: Sjølv om delar av vegen opp mot Hovlandsnuten i år er dekt av meir snø enn i fjor, er arrangøren klar på at det går fint an å ta seg opp til nuttoppen. (Foto: Åge F. Midthun)

Alt klart til nutløp

Arrangøren har full kontroll før laurdagens Hovlandsnuten Opp.

– Tidtakarbua er ferdig montert og alt som skal vere klart på toppen er bore opp, opplyser Hovladsnuten Opp-general Per Inge Fjellheim.

Mot slutten av fjoråret blei det klart at Fjellheim, som tidlegare samarbeida med Idrettslaget Ny Von om motbakkarrangementet, har fått Sauda Idrettslag som ny partnar. Nytt av året er også ei endring i løypetraseen. Den nye løypa er 6,66 kilometer lang og startar, som den gamle, frå Risvoll skule. Etter å ha følgt løypa gjennom Risvolltunet, over brua og opp bakken til Fosstveit tar ein etterkvart til venstre gjennom grinda. Ein startar så på ein stigning opp mot Brekkestølsbråtet før ein på toppen kan «kvile» i eit flatt parti på omlag 750 meter. Etter å ha passert Skeivane startar motbakken igjen og ein kjem til Hovlandsstølen. Herifrå følger ein same løypa som tidlegare. I år er imidlertid snømengdene ein del større enn før.

– Det ligg snø omlag ned til stølen. Ein får kvitt underlag omtrent dei 300 siste høgdemetrane. Det har fryst på, noko som gjer at snøen er veldig fast. Mange har vore oppe og testa løypa og det har gått veldig fint, understrekar Fjellheim.

Les meir om arrangementet i dagens papirutgåve eller last ned e-avis her.