BEST: For to veker sidan vann Johan Bugge NM i motbakkeløp. Laurdag vann han Hovlandsnuten Opp.
BEST: For to veker sidan vann Johan Bugge NM i motbakkeløp. Laurdag vann han Hovlandsnuten Opp.

Bugge og Weng vann Hovlandsnuten Opp

Johan Bugge var raskast i Hovlandsnuten Opp laurdag. Heidi Weng vann kvinneklassen.

Heile 700 deltakarar gjenomførte Hovlandsnuten Opp laurdag. I konkurranseklassen var det 24 år gamle Johan Bugge frå Eidsvåg IL som var raskast med tida 43.37. Dette er seks minutt seinare enn tidlegare løyperekord, men årets løype er 900 meter lengre og har fått ny løypetrasé.

Siste tredel av løypa gjekk i år på snø, på grunn av dei store snømengdene i fjellet. Torstein Tengsareid hang på Bugge heilt til snøen begynte, da blei det tidleg klart at Bugge beherska det kvite underlaget betre enn Tengsareid. I mål skilde det 54 sekund.

Glenn Tore Løland blei beste saudabu og sprang inn til ein sterk sjuandeplass. Han representerer NTNUI og var fem minutt og 20 sekund bak vinnaren. Gaute Kvåle frå Røldal mista brikken og kan ha plassert seg framføre, noko som vil gi Løland åttande plass.

Heidi Weng vann kvinneklassen. Langrennskometen frå BUL var nær åtte minutt bak sin tidlegare løyperekord, men Weng mista brikken undervegs i løpet og valde å stanse opp og vente på herreløparen bak for å få registrert same tid som Henk Angermund, som totalt blei nummer 11 av samtlege startande.

Eli Anne Dvergsdal blei nummer to i dameklassen, minuttet bak Weng. Tove Andersen enda som beste saudabu i kvinneklassen. Ho representerer Rustad IL og var ti minutt bak Weng i mål.