MISTENKER HALSHOGGING: Finnaren av dette lammet fryktar det er halshogd.
MISTENKER HALSHOGGING: Finnaren av dette lammet fryktar det er halshogd.

Fann lam utan hovud

Politiet etterforskar funnet.

Eit lam utan hovud blei funnen i ein bekk på Engja i Sauda laurdag.

– Det ser ut som det er halshogd. Det er ingen merker etter rovdyr, sier Rune Hocking, som tok lammet ut av bekken.

Han bur på Engja og blei varsla av ein turgåar.

– Viss nokon har kappa hovudet av lammet så er det heilt meiningslaust. Det er umogleg å seie kven sitt lam det er, sier Hocking.

Hovudet er ikkje funnen. Det er der merkene sit, som fortel kor lammet høyrer heime.

– Det er mykje vatn i bekken og den går over eigedomen til fleire gardar. Kva gard lammet høyrer til er vanskeleg å seie, meiner Hocking, som trur det kan ha skjedd iløpet av dei siste 24 timane.

Han varsla politiet, som raskt kom på staden for å sjekke funnet.

– Me har vore på staden og oppretta ei sak. Eg har ingen andre opplysningar enn at me vil etterforske dette, sier operasjonsleiar Rune Plassen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.