BESLAG PÅ EGNE HJEM: Ein saudamann i slutten av trettiåra brukte sin eigen heim til å dyrka narkotiske planter. (Foto: Politiet)
BESLAG PÅ EGNE HJEM: Ein saudamann i slutten av trettiåra brukte sin eigen heim til å dyrka narkotiske planter. (Foto: Politiet)

Saudamann dyrka hasj på loftet

Politiet fann både frø, stiklingar, planter og tilvirkningsutstyr i heimen hans på Egne Hjem.

– Totalt sju potteplanter, store mengder stiklingar, frø, vekstlys og små mengder med ferdig hasj, fortel lensman Siri Fisketjøn Indrebø ved Sauda lensmannskontor.

Politiet gjennomførte ei ransaking av mannen sin bustad på Egne Hjem i midten av februar i år. Lensmannen tar sjølvkritikk for at saka ikkje er kjent i media før nå, fire månader seinare. Saudamannen, som hadde sin eigen private cannabis-plantasje på loftet i huset han bur i, er den einaste sikta i saka. Han har erkjent alle forholda i siktelsen, som går på både dyrking, produksjon, oppbevaring og bruk av narkotiske stoff.

Politiet har sendt dei beslaglagte plantevekstane inn til analyse og ventar framleis på svar. Lensmannen er likevel ikkje i tvil om at det er cannabis-planter det er snakk om.

– Dei grøne plantene er lette å kjenna igjen med hakkete, spisse blad. Dei kan bli relativt høge. Det er toppskotet som er mest brukt i cannabis-produksjonen, men også bladene kan tørkast og brukast, forklarer ho.

Ransakinga i februar skjedde etter at politiet hadde mottatt tips. Mannen på Egne Hjem hadde plantasjen sin skjult på loftet.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her