Felles psykolog

Sauda og Suldal kommunar går saman om ny teneste.

Sauda og Suldal går saman om å tilsetje ein psykolog. Helsedirektoratet løyver 500 000 kroner til denne stillinga. Sauda og Suldal delfinansierar stillinga med 250 000 kroner årleg kvar. Onsdag sa Sauda kommunestyre ja til å bli med på ordninga, saman med Suldal.

Sauda og Suldal har lenge sett behovet for psykologkompetanse. Når dei to kommunane nå har fått innvilga støtte frå Helsedirektoratet, vil dei lysa ut stillinga.