Ingen vil ha Birkeland skule

Salsannonsa har ikkje gitt resultat i løpet av det halve året ho har lege ute.

– Vi har engasjert meklar, men det har vore veldig liten respons for å kjøpe Birkeland skule, vedgår kommunalsjef fellestenester, Andreas Fløgstad.

Birkeland skule blei lagt ned i august 2009 og elevane som høyrte til skulekrinsen blei flytta til Austarheim skule. Sidan har ein vurdert fram og tilbake kva som er det mest tenelege å gjere med bygget som stod klart til skuleåret 1928/1929.

Det nær 90 år gamle skulebygget blei først lagt ut for sal i desember i fjor. Salssummen er sett til 2,1 millionar kroner. Berre éin person har signalisert at han har vurdert å kjøpe eigedommen, men ifølge kommunalsjef teknisk, Egil Aarebrot, fekk interessenten utfordringar med tanke på finansiering. Sjølv om prisantydninga er sett til 2,1 millionar kroner kan Sauda kommune vere opne for å selge noko billegare.

– Vi ønsker bud, understrekar Aarebrot.

Planen til Sauda kommune er nå å la Birkeland skule ligge ute for sal i nokre månader til. Om ein framleis ikkje skulle få napp frå kjøparar, vil ein vurdere ulike alternativ.

– Får vi ikkje respons må vi gjere noko. Bygget kan ikkje stå lenge slik som nå. Det kostar pengar og det er skjemmande. Vi må gjere ei grundig vurdering av kva som er den mest tenelege løysinga, forklarer Egil Aarebrot.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.