Technor permitterer

Nedgangen i norske oljeinvesteringar har nådd oljeserviceindustrien i Sauda. Bartec Technor avdeling Sauda permitterer ni av 37 tilsette.

Investeringstakten i den norske oljenæringa har avtatt. Nå begynner den mekaniske industrien i Sauda å merke nedgangen. Bartec Technor avdeling Sauda har merka det mest. Frå måndag blir ni av dei 37 tilsette permitterte.

– Dei siste tre månadane har me hatt halvparten av oppdraga me burde hatt, seier fabrikksjef Steinar Enlid.

Også Bartec Technor-tilsette i Stavanger blir permitterte. Totalt har det internasjonale konsernet 110 tilsette i Noreg.

– 30 prosent av norske Bartec Technor-tilsette blir permitterte, opplyser Enlid.

Fabrikksjef Enlid vil ikkje spå kor lenge han trur permitteringane vil vare.

– Det blir rein gjetting. Normalt ser me ikkje lenger fram enn to månader. Me har håp om betring om seks-sju månader, seier han.

Fabrikksjefen vil likevel ikkje vera alt for pessimistisk og påpeiker at det er permitteringar og ikkje oppseiingar dei har valt. Også Weldone, HS Maskin og Djuvik Maskinering merkar at oljeservicemarknaden har blitt tyngre å jobbe i.

Les meir om ståa hos dei andre mekaniske verksemdene i papirutgåva eller last ned e-avis her.