Sauda kan tape millionar

Regjeringa vurderer å endre eigedomsskatten. Sauda kan tape fleire millionar kroner i året.

Regjeringa har sendt ut eit høyringsforslag som vil gi kommunar med store industribedrifter vesentleg mindre eigedomsskatt, dersom endringane i eigedomsskatten blir gjennomført.

Sauda er ein av dei kommunane som i såfall vil bli ramma, sidan Eramet betaler eigedomsskatt til Sauda kommune.

– I verste fall risikerer me å miste nær seks millionar kroner i eigedomsskatt årleg, opplyser rådmann Wictor Juul.

Regjeringa har sendt ut to alternative forslag. I det eine forslaget blir det foreslått å unnta produksjonsutstyr og installasjonar frå eigedomsskattegrunnlaget til verk og bruk. Det andre forslaget går ut på å fjerne «verk og bruk» som kategori i eigedomsskatten, slik at desse anlegga blir skattlagt som alminneleg næringseigedom.

– Me har ikkje rekna nøyaktig på desse tala i dei to alternativa. Det skal me gjere etter sommaren då dette høyringsforslaget blir lagt fram for formannskapet i september, opplyser Juul.

For få år sidan var det også ein diskusjon om eigedomsskatten skulle bli endra for verk og bruk, men då var det ikkje politisk fleirtal på Stortinget for å foreta endringar. Nå fryktar Juul at det er større vilje.

– Ideologisk er nok viljen større i denne regjeringa til å redusere eigedomsskatten enn i den forrige, seier Juul.

Det er eigedomsskatten som Sauda kommune mottar frå Eramet som vil bli betydeleg redusert, dersom regjeringa får gjennomslag på Stortinget til å vedta eitt av dei to alternativa.

Les meir om forslaget i papirutgåva eller last ned e-avis her.3030