DSC_0442

Dødsulykke på Ropeidvegen

Saudagut erklært død på staden.

Det var klokka 17.10 i dag, onsdag, politiet fekk melding om ei trafikkulykke på Ropeidvegen. Tre motorsyklistar var involvert, men berre ein fekk fatale skader. Dei to andre gjekk uskade frå ulykka. Ifølge Haugaland og Sunnhordland politidistrikt sin twitter-konto er motorsyklisten 19 år gamal.

– Vi fekk melding om at ein motorsyklist hadde kjørt ut av vegen og ramla, og var alvorleg skadd, fortel innsatsleiar Johan Eliassen.

Både ambulansar, politi, brannvesen, lege og luftambulanse kom til staden. Det blei gjort forsøk på gjenoppliving, utan hell. Vedkommande blei erklært død klokka 18.01.

– Det blir starta ei etterforsking som vil avklare hendelsesforløpet og dødsårsak, opplyser Eliassen.

Kva som har hendt er for tidleg for politiet å seie.