Minnesmarkering i morgon

I morgon, fredag, blir det open kyrkje i Saudasjøen kapell for å minnast Sindre Rosseid Midthun, som omkom i motorsykkelulykka i går, onsdag.

Kyrkja vil vere open frå klokka 18.00 for alle som ønsker nokon å prate med om den tragiske hendinga, og kommunen sitt kriseteam vil vere til stades.

– Det blir muligheit til å tenne lys, og vise at vi står saman med kvarandre og familien i det vonde som har skjedd, seier sokneprest Espen Gya.