OMKOM I MOTORSYKKELULYKKE: 19 år gamle Sindre Rosseid Midthun mista livet i ei motorsykkelulykke onsdag kveld.
OMKOM I MOTORSYKKELULYKKE: 19 år gamle Sindre Rosseid Midthun mista livet i ei motorsykkelulykke onsdag kveld.

Namnet på den omkomne er frigitt

Det var 19 år gamle Sindre Rosseid Midthun frå Saudasjøen som omkom i motorsykkelulykka på Ropeidvegen i går, onsdag.

Politiet fekk melding om ei trafikkulykke nokre kilometerar nord for Ropeid klokka 17.10 i går, onsdag. Tre motorsyklistar, alle i 19-20-årsalderen, kjørte frå Ropeid mot Sauda. Ein av motorsyklistane skal ha mista kontrollen på køyretøyet og køyrd av vegen. Ingen andre skal ha vore involvert i ulykka, heiter det i politiloggen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet var på staden klokka 17.25, då var vitne og dei to andre motorsyklistane alt i gang med førstehjelp. Ambulanse og luftambulanse kom like etter, og det blei jobba med livreddande førstehjelp utan hell. 19-åringen blei erklært død på staden klokka 18.01.

Vegvesenets ulykkesgruppe har starta sine undersøkingar, og politiet er i gang med etterforsking av ulykka. Kriseteamet i Sauda er varsla for å ta hand om pårørande. Saka blir vidare etterforska av Suldal lensmannskontor.

Les meir i papiravisa fredag eller last ned e-avis her.