OPNAR: Røldalsvegen opnar for trafikk i dag, fredag 3. juli, klokka 16.00. (Foto: Tore Bastlien Dahl)
OPNAR: Røldalsvegen opnar for trafikk i dag, fredag 3. juli, klokka 16.00. (Foto: Tore Bastlien Dahl)

Opnar Røldalsvegen i dag

Perioden med sju månader med vinterstengt veg er over.

– Me har vore oppe med geolog og foke med helikopter langs vegen frå støtta og innover mot Ekkjeskaret. Det er nå bestemt at me opnar vegen i dag, klokka 16.00, seier Risa sin oppsynsmann i Sauda Svein Tore Tveitane.

Brøytinga av vegen mellom Breiborg i Sauda kommune og Røldal har vore spesielt utfordrande i år, med uvanleg store snømengder. Enkelte stader har snøen vore heile 12-14 meter djup.

Dei høge brøytekantane vil gi folk ei spektakulær oppleving når dei tar seg fram langs vegen over Røldalsfjellet.

– Men det har begynt å minka godt på snøen, opplyser Tveitane.

Røldalsvegen blei stengt for vinteren 14. desember.