Ryfylkes store sommar-skiguide

Det er juli og fine skiforhold i Sauda-fjella.

– Eg har litt blanda følelsar. Eg liker å gå på ski og akkurat nå er det ypparlege forhold. Men eg skulle helst sett at me fekk sommar i fjellet nå, innrømmer Charles Hauge.

Saman med sonen Sverre og hunden Bella var han på hytta på Breiborg tysdag til torsdag i denne veka. Bare eit snautt minutts gange frå bilen måtte skia hentast fram for å gå den vesle turen bort til hytta. Hauge fortel at det er enkelte bare flekkar i terrenget, men dei kryssar dei – med skia på. Onsdag var far og son på skitur. For, skal ein på tur på Breiborg nå, må ein ha ski. Sverre, som er ni år, er litt lei av snøen. Spesielt når det er så fint og varmt vêr.

–Då vil eg heller bada enn å gå på ski. Men det går jo ikkje. Då må eg i så fall krypa ned i ei sprekk i isen og det fristar ikkje. I går var eg i springen, minst åtte gonger, for å henta vatn for å kjøla meg ned, seier han.

Vinterens store snømengder og den kalde våren gjer at snøsmeltinga i fjellet har gått noko trått i år. Det betyr at ein ikkje nødvendigvis må dra så skrekkeleg langt for å finna gode skiforhold, sjølv nå i juli månad. Og sjølv om mange er lei av snø og vinter er det også fleire som nyttar høve til å gjera noko så unikt som å gå på skitur midt på sommaren.

Regionsdirektør i Statkraft, Jan Alne, ber folk vere ekstra forsiktige viss dei skal kryssa snølagte elver og bekkar.

– Under smeltinga vil bekkar og elvar grava ut snøen under. Krysser du ein snølagt bekk, kan du fort ramle gjennom, seier Alne.

Les meir om forholda i dei ulike dalføra i papiravisa eller last ned e-avis her.