*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYTTIG VERKTØY: Kommunebarometeret for 2015 viser at Sauda kommune slit på område som økonomi og saksbehandling, men scorar høgt på skule, eldreomsorg og helse. Roy Ove Kvernenes (frå venstre), Andreas Fløgstad og Jakob Svandal vil i tida framover gå nøye gjennom undersøkinga. (Foto: Tore Bastlien Dahl)

Frå topp til botn i kommunerangering

Sauda kommune går frå å vera fjerde best til å bli nest verst av kommunane i Rogaland i Kommunebarometeret for 2015.

Nyleg gav Kommunal Rapport ut sitt årlege kommunebarometer som viser ståa for ei rekke ulike tenester i kommunenoreg. Basert på tilsaman 123 nøkkeltal innan 12 ulike blir Sauda rangert som nummer 384 av totalt 428 kommunar i Noreg. I 2014-barometeret kunne Sauda titulera seg som den beste kommunen i Nord-Rogaland og den fjerde beste kommunen, fylket sett under eitt. Nå er det berre Hjelmeland kommune som scorar lågare enn industribyen inst i Ryfylke.

Kommunal Rapport har gjort ei rekke endringar i rangeringssystema sine, noko som har ein stor negativ effekt for Sauda. Om ein oppdaterer 2014-tala til 2015-standarden, er derimot utviklinga ikkje like dramatisk. Då fell Sauda kommune frå 339. plass til 384. plass.

– Sjølvsagt skulle me ønska at pila peikte andre vegen. Samstundes viser kommunebarometeret nødvendigvis ikkje heile sanninga. Det måler til dømes ikkje kvaliteten på tenestene me gir, poengterer kommunalsjef fellestenester i Sauda kommune, Andreas Fløgstad.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.