*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
STORE KONTRASTAR: I Sauda Skisenter i Svandalen er dagleg leiar Lars Reidar Fosstveit vant med hektisk aktivitet. I Nordstøldalen utviklar han hyttefelt for dei som foretrekker det rolege hyttelivet. (Foto: Frank Waal)

Laftar opp Nordstøldalen

Lars Reidar Fosstveit har regulert 14 hyttetomter i Nordstøldalen. Nå regulerer han 20 tomter til.

Lafta hytter i bonderomantisk stil har begynt å poppe opp i Nordstøldalen.

– Nokon liker denne stilen. Lafta hytter i fredelege omgivelsar, seier grunneigar Lars Reidar Fosstveit.

Hyttefelta han regulerer i Nordstøldalen står i sterk kontrast til hytteområdene rundt Sauda Skisenter, der han er dagleg leiar. Store hyttepalass tett i tett, med ulik byggestil, og med hektisk skiaktivitet rundt seg i vinterhalvåret.

– I Sauda Skisenter er det høgt tempo og mykje folk. Det passer for nokon. Andre vil ha det stille og rolig og ein enklare stil, meiner Fosstveit.

I det første hyttefeltet han har regulert på Brekkestølsbråtet i Nordstøldalen har han sett krav om lafta hytter med torvtak. Seks av dei 14 tomtene er selt og fleire hytter er ferdigbygde. Nå vil han regulere 20 nye tomter på Skeivane, litt lenger inn i Nordstøldalen.
– Eg vurderer å innføre same stilen der. Eg vil at hyttefelta skal ha ein heilskapleg stil, seier Fosstveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.