FØRSTE GONG: 17 år gamle Merel Dirksen deltok i førre veke i junior-verdsmeisterskapen i orienteringsløp. (Foto: Privat)
FØRSTE GONG: 17 år gamle Merel Dirksen deltok i førre veke i junior-verdsmeisterskapen i orienteringsløp. (Foto: Privat)

Saudabu i junior-VM

Merel Dirksen representerte Nederland i verdsmeisterskapen i orienteringsløp.

Den 17 år gamle saudajenta Merel Dirksen har ikkje lege på latsida i ferien. Frå 3. til 11. juli deltok ho i JWOC, Junior World Orienteering Championships, i Rauland – også kalla junior-verdsmeisterskap i orienteringsløp. Trass i ferdigheiter som er utarbeidd i tøft terreng i saudafjella var det ikkje det norske flagget ho hadde på brystet under konkurransen.

– Eg representerte Nederland fordi eg vart kontakta av dei i fjor om eg ville delta, og plutseleg vart det berre slik. Eg har budd der i åtte år og har nederlandsk statsborgarskap, så eg kan springe for dei. Orienteringsmiljøet er ganske lite i Nederland, så det er lettare å få vere med som representant der, forklarer Dirksen.

Les meir korleis det gjekk i papirutgåva eller last ned e-avis her.