*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TRENG NY AVTALE: Ny avtale om observasjonssenger i Sauda må på plass før årsskiftet. Da går avtalen med Helse Fonna ut. (Foto: Frank Waal)

Stille etter legevakt-nei

– Det gjekk nokre veker før nabokommunane ville snakke med oss igjen, seier kommunalsjef Aina Olene Tveit.

Da kommunestyret i Sauda braut ut av legevaktsamarbeidet med Vindafjord, Etne og Suldal, har det vore stillstand innan helsereformarbeidet.

Kommunalsjef innan helse, Aina Olene Tveit, legg ikkje skjul på at dei tre kommunane var lite interesserte i å diskutere helsesamarbeid med Sauda etterpå.

Dei fire kommunane jobba i fleire år med å få på plass ein interkommunal avtale om helsesamarbeid, som blant anna innebar felles legevakt plassert i Ølen. Etter at Sauda trakk seg på oppløpssida i slutten av april, la ikkje nabokommunane skjul på at dei var overraska..

Nå hastar det med å få på plass avtale om observasjonssenger i Sauda, også kalla øyeblikkeleg hjelp-senger. Avtalen mellom Sauda og Helse Fonna går ut ved årsskiftet. Observasjonssengene skulle i utgangspunktet inngå i det interkommunale samarbeidet.

– Ein ny avtale er førsteprioritet. Me håpar å få til ein avtale om to senger, der den eine senga kan tilby dialysebehandling, slik ordninga er i dag, seier Tveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.