*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Roleg julefeiring i Sauda, trass mange fridagar og høg feststemning.

Travel helg for politiet

Uforsvarleg køyring, innbrot og høg musikk var mellom utfordringane ordensmakta måtte handtere i løpet av helga.

Fredag i førre veke, klokka 17.15, fekk politiet melding om at ein øldrikkande person var observert medan han sette seg inn for å køyre ein bil i Vats. Mannen, som er i slutten av 40-åra, blei først stoppa mellom Ropeid og Sauda, då patruljar frå både Haugesund og Sauda hadde rykka ut. Føraren skal då ha brukt store delar av vegbanen og ha kryssa midtlinja fleire gonger. Den pågripne blei tatt med til legevakt for blodprøvetaking, før han blei dimittert. Politiet beslagla førarkortet hans og vil kalle han inn til avhøyr når resultatet av blodprøveanalysane er klare. Mannen er utanlandsk og bur i ein annen kommune enn Sauda.

Fredag ettermiddag fekk politiet også melding frå ein hytteeigar i Svandalen om at uvedkommande hadde tatt seg inn i hytta hans og stole alkohol. Det var elles ingen skader på hytta og meldar ønska ikkje å anmelde saka.

– Politiet vil oppmode folk til å følge med i hyttefelt. Er der noko mistenkeleg aktivitet bør ein melde frå til oss, seier politioverbetjent ved Sauda og Suldal lensmannskontor, Thomas Breivik.

Laurdag kveld blei operasjonssentralen i Haugesund oppringt frå ein saudabu som hadde observert to menn og ei kvinne som rusla rundt i eit nabolag og kikka inn i gårdsrom og garasjar. Meldaren følgte med på trekløveren, som han oppfatta som utanlandske. Dei tre personane blei sett køyrande vekk frå byggefeltet. Politiet har vore på utkikk etter den aktuelle bilen.

– Dette er nok eit eksempel på at det er lurt å følge med, ikkje berre på eige hus, men også på naboen sitt. Litt kamerat-hjelp kan lønne seg her altså, oppmodar Brevik.

Natt til laurdag, like etter klokka 00.30, måtte politiet rykke ut til ei adresse like ved sentrum. Dei hadde då fått beskjed om at det blei spelt høg musikk. Lovas lange arm fekk kontakt med personen som spelte og roa det heile ned.

Laurdag, rett før klokka 13.30, stoppa politiet ein bil i Honganvik. Føraren hadde då ikkje sikra lasta. Mannen, som er i begynnelsen av 50-åra blei anmeldt og har erkjent forholdet. Han er ikkje registrert som fastbuande i Sauda.