Rolf Selvik leiar konkurransen om å bli kåra til landets beste naturfotograf. (Foto: Privat)
Rolf Selvik leiar konkurransen om å bli kåra til landets beste naturfotograf. (Foto: Privat)

Leiar prestisjefylt fotokåring

Det er inga hemmelegheit at Rolf Selvik frå Saudasjøen er ein dyktig fotograf. Etter å ha deltatt på fleire bildekonkurransar, vil det snart bli avgjort om han tar sigeren om å bli Noregs beste naturfotograf.

Noregsmeisterskapen i naturfoto vart arrangert for første gong i 1977 og den store interessa for naturfoto har ikkje endra seg. Meisterskapen blir fordelt utøve ti månadar, også kalla rundar. I kvar runde leverer ein inn fem bilder, der alle bildene blir vurdert og det blir kåra ein vinnar. Noko som tilsvara at ein kan levere inn 50 bilder til saman. Førstepremien er ein to-vekers tur til Afrika på safari. Draumeferien for fotoentusiastar!

– Eg synest det er ein kjekk hobby og eg plar å ha kamera med meg i ny og ne når eg er på tur, fortel Selvik, som har vunne samanlagt-premien i naturfoto ein gong tidlegare.

Sjølv om Selvik ligg heilt i teten nå, ønskjer han ikkje å ta noko på forskot.

– Det er fortsatt eit par rundar igjen og det kan fort endra seg, legg han til.

Ein av dei som sit i juryen, Asle Oddvar Hjellbrekke, fortel at noregsmeisterskapen i naturfoto er eit stort arrangement og at konkurransen er hard. Han rosar verka til Rolf Selvik høgt og fortel at han stadig imponerer.

– Å toppe det arbeidet som Rolf Selvik har prestert, blir ikkje enkelt, fortel Asle Oddvar Hjellbrekke og avsluttar med at nokre av bildene hans er fantastiske juvelar.

Les meir og sjå bileta til Selvik i papirutgåva eller last ned e-avis her.