*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
TRE KULTURHUSFINALISTAR: Det nye kulturhuset i Sauda skal plukkast ut blant tre gjenverande arkitektforslag. Ryfylke ba om synspunkt frå ei gruppe saudabuar. (Foto: Frank Waal)

To alternativ peiker seg ut

Ryfylke samla ein liten folkejury til å peike ut det beste kulturhusforslaget.

For tre veker sidan blei tre kulturhusforslag plukka ut. Ein av dei tre finalistane blir det nye kulturhuset i Sauda. Om éin månad skal styret i Folkets Hus AS avgjere kva forslag som er best.

Ryfylke har samla ein liten uhøgtideleg folkejury som har peika ut sin favoritt. Seks personar frå 16 til 71 år blei med Ryfylkes redaksjon og studerte forslaga. Ein dryg time seinare var alle seks einige om at det eine forslaget kunne strykast fra lista. Når det gjeld dei to gjenverande forslaga var folkejuryen delt i to.

Den arkitektoniske kontrasten var også svært høg i dei to gjenverande forslaga. Det eine arkitektforslaget har integrert det nye tilbygget med eksisterande Folkets Hus. Det andre arkitektforslaget har gjort det motsatte; laga ein stor kontrast slik at det ikkje er tvil om kva som er nybygg og kva som er det eksisterande Folkets Hus.

Begge forslaga fall i god smak hos kvar sin halvdel av gruppa.

Dei seks personane studerte plankarta, fasadane og uteområdet. Riktignok er det ikkje enorme forskjellar på kva det nye tilbygget skal innehalde, sidan arkitektfirmaet har fått ei bestilling på kva ulike typar rom det er behov for. Men dei innvendige løysingane er likevel forskjellige. Utvendig er dei svært ulike.

Dei tre forslaga er presentert på Sauda folkebibliotek i form av store plansjar.

Les kva kulturhusforslag folkejuryen plukka ut i papirutgåva eller last ned e-avis her.