*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KJÆRE BARN HAR SÆRE NAMN: Søskena Kristiane (9), Vilmer (4) og Mandius (10) Teig kan alle smykke seg med namn som skårer lågt på statistikkane over brukte namn. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Sjeldne namn i Sauda

Ikkje alle følger straumen.

I familien Løvaas Teig kan den nye generasjonen smykke seg med namn dei ikkje deler med så mange andre. Foreldra Kristin og Jan-Ove har sjølv klassiske namn, men har til dei tre barna vore kreative i namnevegen. Fire år gamle Vilmer gliser som ei sol og verkar ikkje til å bry seg om at han har eit namn som han berre deler med 78 andre personar i landet.

– Vilmer er meir vanleg i Sverige, trur eg. Eg såg det i ein artikkel ein gang, og synest det var så fint, fortel mamma Kristin.

Namnet Kristiane har vore ein favoritt lenge.

– Det har eg alltid likt. Eg las det i ei bok i ungdomstida, og har ikkje sloppe det sidan, forklarer Kristin.

Det middelalderske, latinske namnet kler innehavaren på ni år, som synest det er heilt greit å ha eit namn ho ikkje delar med så mange.

– Det var ofte i startfasen at me tenkte mykje over namnevalet, men ein venner seg til det, seier mora.

Ho har alltid hatt ein lidenskap for namn.

– Eg hugsar at eg alltid la merke til namn når eg las, og eg skreiv ned topp ti-lister, seier Kristin med eit smil.

Eldstemann i barneflokken er bevis på at foreldra har gått eigne vegar. Først ville mora kalle den førstefødde for Stinius, men Jan-Ove måtte slå i bordet, noko guten sjølv er ganske glad for i dag.

– Mange kallar meg ofte Magnus, seier ti år gamle Mandius, som er éin av dei 29 i Noreg med det namnet.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her