*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SONGNUMMER: Regissør Bjørn Sæter er godt van med å instruera medlemmer i Sauda revy- og teaterlag. Her saman med Inger Lise Ekkjestøl og dottera Othelie Ekkjestøl Bruntveit (10 år). (Foto: Ingvil Bakka)

Klart for ny revyfest

Sauda revy- og teaterlag set opp jubileumsførestillinga «100 år» til helga. Regissør Bjørn Sæter finst ikkje nervøs.

– Me er i rute, sjølv om me gjer endringar i programmet heile tida. Nummer blir endra på eller strokne og nye songar kjem til. Det er akkurat slik det pleier å vera, seier regissør Bjørn Sæter, som påstår at han aldri har premierenervar.

Den 55 år gamle teater-regissøren frå Oslo er nok ein gong hyra inn for å hjelpa teatermiljøet i Sauda med ei revyoppsetting. Smelteverket i Sauda, som fyller 100 år i desse dagar, har nemleg bedt det lokale teaterlaget om å laga ein jubileumsrevy. Revyen har ikkje uventa fått namnet «100 år». Komande fredag vil førestillinga bli vist for eramettilsette og spesialinviterte gjester. Men både laurdag og søndag er det sett opp to førestillingar for vanlege publikumarar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her