*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
1,85 I ODDS: Knut Atle Seim (H) (Foto: Ingvil Bakka)

Ueinige i ordførarodds

Spelselskapet Betsson har Knut Atle Seim som ordførarfavoritt foran Asle Rafdal.

I forkant av årets kommuneval tilbyr nå Betsson oddsspel på ordførarkandidatar i dei fleste norske kommunane. Ifølge spelselskapet er Høgres Knut Atle Seim hårfint rangert føre Arbeidarpariets Asle Rafdal når det gjeld kven som har størst sjanse til å bli Saudas neste ordførar.

Seim har fått oddsen 1,85 mens Rafdal har fått oddsen 1,95.

Det betyr at set du 100 kroner på at Seim blir ordførar, får du 185 kroner tilbake dersom Høgre endar opp med ordføraren.

Knut Atle Seim er ikkje helt einig med spelselskapet at han fortener favorittstempelet.

– Historisk sett har Arbeidarpartiet størst sjanse til å få ordføraren i Sauda. Det viser tidlegare val, seier Seim.

Også Rafdal stussar over rangeringa.

– Det skal gjennomførast eit val og alt kan skje, men eg vil tru Arbeidarpartiet i utgangspunktet har størst sjanse for å ende opp med ordføraren i Sauda dei neste fire åra, seier Rafdal.

Begge ordførarkandidatane opplyser at dei ikkje kjem til å bruke pengar på eit slikt veddemål.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her