*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
IKKJE REGISTRERT: Da fleire mopedelevar møtte opp ved Statens vegvesens servicekontor i Sauda for å ta teoriprøve, viste det seg at dei ikkje var registrert. Vegvesenet bestemte da å gjennomføre tilsyn ved Jarle Lien Trafikskole. (Foto: Frank Waal)

Trafikkskule får krass kritikk

Jarle Lien Trafikkskole mister autorisasjonen i eit halvt år. Statens vegvesen meiner regelbrota er alvorlege. Lien har påklagd vedtaket.

Statens vegvesen gjennomførte før nyttår eit tilsyn ved Jarle Lien Trafikkskole. Ifølge Vegvesenet blei tilsynet gjennomført fordi elevar som møtte opp for å ta teoriprøve for «mopedlappen», viste seg å ikkje vere registrerte etter at dei hadde gjennomført praktisk opplæring.

Under tilsynet av Jarle Lien Trafikkskole blei det avdekka at elevfortegnelsar og opplæringskort mangla. Ifølge Vegvesenet oppga Lien at han hadde rota vekk dette eller brent dette på bål da han flytta trafikkskulen frå Sauda til Suldal.

Vegvesenet ringte da rundt til tidlegare elevar for å spørre kva opplæring dei hadde hatt ved trafikkskulen. Ifølge Vegvesenet oppgav fleire elevar som hadde tatt «mopedlappen», kalt AM146, at dei hadde hatt 4-5 kjøretimar. Kravet til opplæring er minst 14 timar. Det er spesielt i eit avgrensa område rundt Sand med omegn opplæringa har blitt gjennomført med alt for lite omfang.

Vegevesenet meiner også at Lien har brukt defekt to-vegs kommunikasjon under kjøreopplæringa slik at kun ein av tre elevar hadde mulegheit for radiokommunikasjon med trafikklæraren.

Også fagleg leiar til Jarle Lien Trafikkskole fekk reaksjon frå Statens vegvesen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her