SP-JUBEL: Senterpartiet og dei andre politiske partia i Sauda hadde valgvake på Kløver. Medan dei andre partia gjekk slukøyra heim, feira Senterpartiet valsigeren.  Bak frå venstre: Morten Maldal, Andreas Brekke, Ivar Johannes Handeland, Asbjørn Birkeland, Kristine Espeland Rafdal, Eirik Daniel Fatnes, Sigrid Bojesen Fatnes og  Arild Fosstveit. Framme: Lillian Nordengen. (Foto: Ingvil Bakka)

Den nye Sauda-ordføraren er i sjokk

Asbjørn Birkeland innrømmer at det blir lite søvn i natt.

– Eg trudde og håpte på eit godt resultat, men dette overgjekk alle mine fantasiar. Eg er heilt i sjokk, innrømmer han.

Birkeland og partikollegaene i Senterpartiet trudde ikkje sine eigne auger då rapportane frå førehandsstemminga begynte å tikka inn rundt klokka 21.00. Sidan har det strøyma på med gratulasjonar, både i form av telefonoppringingar, tekstmeldingar og meldingar på Facebook.

– Eg blei nøydd for å få låna meg ein ladar. Det ringer og piper i eitt her, ler han.

– Så nå er det bare å ringa Nordsjøen og seia at du ikkje kjem tilbake på jobb?

– Hehe, ja.

– Får du sova i natt, trur du?

– Nei. Det kan eg seia med ein gong. I natt blir det umuleg å sova.

Listetoppane til Arbeidarpartiet og Høgre blei sett på dei mest reelle ordførarkandidatane i vekene før valet. Senterpartiet derimot, blei sett på som ein muleg utfordrar som dei to største partia kunne inngå samarbeid med. Nå er det Asbjørn Birkeland og Senterpartiet som kan velga og vraka samarbeidsparti.

­ – Nå må me samla oss og sjå på kven me vil forhandla med. Det blir både tekniske og politiske forhandlingar, forklarer Birkeland.